Miksjonscystografi (MCG) av urinblære
Miksjonscystografi, MCG er en undersøkelse hvor man undersøker trykkforholdene i blæren samtidig som det benyttes et røntgenapparat, en C-bue, for å få bilder av blæren.
Om undersøkinga
Ved høyt blæretrykk og vanskeligheter over tid med å få tømt blæren, kan det skje forandringer i blære og nyrer. For å undersøke og måle disse endringene utføres MCG.
Før
Du skal føre ein drikke- og diureseliste (oversikt over kvar drikke og vasslating) i tre døgn før undersøkinga.
Tek du vassdrivande medisinar bør du ikkje ta det i forkant av undersøkinga. Andre medisinar skal du ta som vanleg.
Når du kjem til undersøkinga, vil du bli spurd om du nyttar medisinar som verkar inn på blærefunksjonen.
Dersom du har urinvegsinfeksjon, må du få ny time.
Vi ønsker at du tar med deg
- dokumentasjon fra tidligere utredninger eller vurderinger
- ferdig utfylte skjemaer dersom du har mottatt dette fra oss
- ortopediske og andre hjelpemidler dersom du bruker det
Vi trenger informasjon om
- du har behov for tolk
- du har behov for tilrettelagt transport
Under
For å undersøkje korleis blære- og lukkemuskelen jobbar, blir trykket målt med to tynne sensorar.
Éin sensor blir ført med eit kateter inn til blæra via urinrøyret som ved ein vanleg kateterisering. Dette kateteret er tynnare enn eit vanleg kateter. Den andre sensoren blir ført inn i rektum og måler trykket i buken. Trykket i blæra blir registrert medan den langsamt blir fylt med temperert saltvatn tilsett kontrastvæske. Kontrastvæska gjer at blæra er synleg, til dømes på røntgen. Det blir også gjennomført ultralyd av blære og nyrer.
Ei MCG-undersøking er ikkje smertefull, men nokon synest det er ubehageleg å få plassert sensorane.
Etter
Til slutt får du ein samtale med lege og uroterapeut som går gjennom resultata saman med deg. Du får høve til å stille spørsmål.
Etter dette vurderer vi vidare oppfølging. I nokre tilfelle får du dei endelege resultata under oppsummeringssamtalen.
Resultata blir sende til den som har tilvist deg og andre som eventuelt skal følgje deg opp.
Vær oppmerksom
Dersom du tidlegare har reagert på røntgenkontrast, må du gi beskjed.
Det er ingen kjende biverknadar til denne undersøkinga.
Dersom du tidlegare har fått urinvegsinfeksjon i samband med undersøkinga, gi beskjed og du kan få noko førebyggjande.
Kontakt
Sunnaas sykehus Nesodden
Urodynamisk laboratorium
Sunnaas sykehus Nesodden
Bjørnemyrveien 11
1453 Bjørnemyr